Norled, Bygg nr. 314 & 315 ved Brødrene Aa, Passasjerkatamaraner "Fjordstrøm" og "Fjordtind"

Ser nå at Norled har bestilt to båter ved Brødrene Aa for desse sambanda
 
Brødrene Aa og Norled inngår kontrakt om bygging av to elektriske hurtigbåtar

Nordland fylkeskommune tildelte Norled hurtigbåtkontrakt for rutene mellom Bodø og Væran, og Bodø og Gildeskål tidlegare i vår. Det er no klart at dei to hovudfartøya i anbodet skal byggast av Brødrene Aa.


Dei nye båtane skal byggast i karbonfiber, vert 40,6 meter lange og kunne ta med seg 130 passasjerar pluss last. Kvar av båtane vil bli utrusta med ein batteripakke på 4 MWh og vil vere i stand til å operere heilelektrisk i 30 knop. Sjølve ruteoperasjonen krev ein servicefart på 28 knop, og med denne farten vil båtane få ei heil-elektrisk rekkevidde på over 60 NM.

- Vi er naturlegvis svært glad for denne kontrakten, og for at vi igjen kan ta til på eit byggeoppdrag for Norled, seier Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa. - Prosjektet er samstundes grensesprengande, der ein reell hurtigbåtoperasjon i ei krevjande rute langs Nordlandskysten no blir elektrifisert. Tretti knop heilelektrisk er ein milepåle for ein hurtigbåt, og dette prosjektet vil stå som ein referanse for utrulling av utsleppsfrie hurtigbåtar i åra som kjem.

Lang erfaring med elektriske båtar

Brødrene Aa har etterkvart opparbeidd seg solid erfaring med bygging av elektriske båtar. Den fyrste hybrid-elektriske båten, Vision of the Fjords, blei levert frå verftet i 2016, etterfølgt av to heil-elektriske systerskip i åra etter.

I 2020 blei Rygerelektra levert til Rødne. Bygd som hurtigbåt etter high-speed koden, greidde den som 300 pax fartøy, og med 2MWh installert effekt, å oppnå ein fart på 23 knop.

- Med dei nye båtane til Norled doblar vi batterikapasiteten frå Rygerelektra, og med denne energimengda vil båtane vere i stand til å operere heil-elektrisk 70% av tida, forklarer Tor Øyvin Aa. - Vi ser at batteriteknologien stadig er i utvikling men det er framleis utfordringar knytt til vekt. Generator må difor inn for å dekke noko av energibehovet.

Miljøkrav avgjerande

Kontrakten for hurtigbåtrutene mellom Bodø og Væran, og Bodø og Gildeskål har ein varigheit på ti år, med oppstart i januar 2024. Norled vil drifte to hovudfartøy og eit reservefartøy i anbodet. Det ligg også ein opsjon på å drifte ruta mellom Bodø og Myken i sommarmånadane.

- Det er svært gledeleg at Nordland fylkeskommune vektla miljøaspektet i kontrakten, slik at sambanda no kan elektrifiserast. Vi ser fram til å ynskje reisande velkomen om bord på våre nye, elektriske fartøy i 2024, seier administrerande direktør i Norled, Heidi Wolden.

Norled og Brødrene Aa har samarbeidd om fleire hurtigbåtar som har utfordra tekniske krav og miljøkrav, samt løysningar som gir universell utforming. - Vi gleder oss til vidareutvikling av nye miljøvenlege hurtigbåtar saman med Brødrene Aa, seier Wolden.

– Vi set pris på det gode samarbeidet vi har hatt etablert med Norled gjennom ein lengre konseptutviklingsperiode, og vi ser fram til å styrke dette samarbeidet vidare inn i byggeperioden, avsluttar Tor Øyvin Aa.

Norled.jpg
Illustrasjon: Brødrene Aa
 
Ser"Fjordstrøm" har vert på sjøprøver i det siste, så da nermer den vel seg overlevering?
 
Back
Top