Cruiseskip har tatt opp i kraftlinja over fjorden
Eit cruiseskip har vore i kontakt med luftspennet over Nordfjorden ved Bryggja, og Linja melder om at det er synlege skader på kraftlinja.
– Torsdag kveld klokka 22:04 tok cruiseskipet Mein Schiff 4 opp i fjordspennet vårt over Nordfjorden. Vi fekk melding frå vitne som såg det, i tillegg til at samanstøyten gjorde utslag på overvakingssystemet vårt, seier administrerande direktør i Linja, Asgeir Aase, til Fjordenes Tidende.
Linja har i løpet av fredag gjort synfaring med drone på fjordspennet til 132kv-linja mellom Ålfoten og Bryggja.
– Det er synlege skader, men det er mindre skader som ikkje er kritiske, opplyser Aase.
Etter samanstøyten med cruiseskipet har fjordspennet sige noko. Det gjer at Kystverket no reduserer seglingshøgda under fjordspennet frå 60 meter til under 50 meter.
– Det sperrar ikkje fjorden, men det medfører at høge skip må segle nærare land for å unngå å ta opp i fjordspennet, seier Asgeir Aase.
Linja vil starte reparasjon av kraftlinja i august.
www.smp.no