Skår senior bygger ny kystnotbåt
Familiereiarlag frå Herøy valte lokalt design for ny kystbåt.
Reiarlaget Skår Senior skal bygge ny kystbåt som skal drive med ringnot og tråling. Måndag møtte representantar for reiarlaget og designarane i Marin Skipsteknikk NETT NO på kaia i Eggesbønes for å fortelje om nybygget.
– Det er ein ny kystbåt for pelagisk fiske som vert 48 meter lang og 12 meter brei, fortel Roy Skår.
Med andre ord går dei litt opp i størrelse frå dagens MS Jøkul, som er 40 meter. Volumet i lasterommet blir det same som med dagens båt, 499 kubikk.
Det er ikkje avgjort kvar båten skal byggjast: – Men det vert i Norge, slår Skår fast.
Roy og systera Janita eig dryge 40 prosent av reiarlaget, medan syskenbarnet Jan-Arve Drabløs eig ti prosent i reiarlaget frå Kvalsvika.
Kilde: Nett.no
MT 1120
Foto: Marius Rosbach via Nett.no