Pesquera Ancora S.L.U, Bygg nr. 396 ved Myklebust Verft, NVC 374 WP "Kirkella"

Refvik

Administrator
Staff member
Myklebust Verft skal bygge spansk trålar

Kleven har inngått kontrakt med spanske Pesquera Ancora S.L.U. om bygging av ein 80 meter lang hekktrålar. Fartøyet er av NVC 374 WP-design frå Rolls-Royce, og skal leverast frå Myklebust Verft i februar 2018.

- Det er svært hyggeleg og veldig viktig at vi no har fått på plass enda ein fiskebåtkontrakt på Myklebust Verft, seier konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen. – Kontrakten stadfestar at vi er konkurransedyktige i ein svært tøff konkurransesituasjon internasjonalt, og det at eit spanske reiarlag kjem til Noreg for å bygge fiskebåt er i seg sjølv oppsiktsvekkande, seier Rasmussen.

Myklebust Verft har med dette fire nybygg av samme Rolls-Royce-design i ordreboka; to til DFFU i Tyskland, eit til CDP Saint-Malo & Euronor i Frankrike, og no altså eit til Pesquera Ancora i Spania. I tillegg har verftet to brønnbåtar til Sølvtrans, ein pelagisk trålar/snurpar til danske Gitte Henning og eit konstruksjonsskip til Volstad i ordreboka.

Hekktrålaren får isklasse ICE 1A*, og driftseffektivitet, lave utslepp og komfort og sikkerheit for mannskapet har vore viktige kriterier i utviklinga av fartøyet.

NVC 374b.jpg

Illustrasjon: Rolls-Royce Marine
 
"Kirkella" ved Myklebust Verft tirsdag denne veka...
Kirkella.jpg

Foto: © Oddgeir Refvik
 
"Kirkella" ved Myklebust Verft igår, er vel snart klar til overlevering?
Kirkella3.jpg

Foto: © Oddgeir Refvik
 
Bnr. 396 "Kirkella" vart overlevert i går, tirsdag 26. juni
Kirkella Kleven.jpg

Foto: Jan Sætre via Kleven
 
Den forrige "Kirkella", altså bygg nr. 1061 fra Tersan heiter nå "Lodairo", her fra dagens Shipping News
SN028.jpg
 
Back
Top