Myklebust Verft bygger om forsyningsfartøyet "Island Condor" til konstruksjonsfartøyet "Island Ocean"

Refvik

Administrator
Staff member

Myklebust Verft har inngått større ombyggingskontrakt​


Myklebust Verft har inngått ei større ombyggingskontrakt med Island Offshore. Forsyningsfartøyet MV Island Condor skal byggast om frå forsyningsfartøy til konstruksjonsfartøy. MV Island Condor vart bygd ved Vard Brevik, og overlevert til reiarlaget i 2014.

MV Island Condor kjem til verftet i starten av april 2024. I løpet av eit opphald på 5 månadar skal fartøyet forlengast i midtseksjonen inklusiv innreiing, samt få montert offshorekran og helikopterdekk. Vidare skal det byggast ein ROV hangar, og fartøyet skal utrustast med ein større batteripakke. Etter levering i august 2024 skal fartøyet etter planen rett i operasjon. Både for verft og reiarlaget har det vore viktig å nytte seg av leverandørar av utstyr og tenester frå den lokale maritime klynga.

- Vi er glade for at Island Offshore igjen har valt Myklebust Verft som samarbeidspartnar. Samarbeidsforholdet mellom Island Offshore og Myklebust strekker seg langt tilbake i tid. Vi ser det som nok ei tillitserklæring frå reiarlaget at vi igjen har blitt valt for eit så stort og viktig oppdrag, seier Kristin Hide dagleg leiar i Myklebust Verft.

"Island Condor"
Island Condor.jpg
Illustrasjon: via verftet
 
LANGVARIG ARBEID TIL ISLAND CONDOR

Island Offshore har sikra seg langvarig arbeid for Island Condor, som kan sjå fram i særs stabil drift framover. Over sommaren ventar ei kontrakt på 4,5 år.

- Ei fantastisk julegåve til reiarlaget! Vi har jobba særs målretta for å sikre oss lengre oppdrag, og vi er takknemlege for tilliten som kunden viser oss, seier administrerande direktør i Island Offshore Management AS, Tommy Walaunet.

Island Condor har i mange år jobba som walk-to-work fartøy på britisk sektor, men har siste året vore involvert i norske prosjekt.

No skal båten byggast om for ei langvarig kontrakt med ein norsk kunde, og kursen er dermed lagt for dei neste 4,5 åra.

- Våre forventingar for komande år vert med dette vidareført og forsterka. Vi har god erfaring med å tilpasse skip til nye og attraktive segment, og at eit av forsyningsskipa våre no vert bygd om for anna verksemd er eit resultat av satsingsvilje, nytenking og drivande dyktige tilsette i organisasjonen, seier Walaunet.

Island Condor skal frå hausten jobbe som konstruksjonsskip og vert utstyrt med to ROV (fjernstyrte undervassfarkostar), offshorekran, helikopterdekk og ein større batteripakke. Midtseksjonen på skipet vert forlenga, inklusiv innreiing, og ROV-hangar skal byggast. Båten vert dermed rigga for å utføre inspeksjonsarbeid, kranarbeid og liknande mot både olje og gass og fornybar sektor. Island Condor har SPS klasse med lugarkapasitet til 83 personar, og har dermed god kapasitet til klientmannskap.

Båten skal ombyggast ved Myklebust Verft, og leverast til kunde i september 2024.

- Dette er ei stor og krevjande ombygging for Island Condor, og då er det ekstra hyggeleg å kunne nytte lokale krefter og leverandørar. Vi har eit langt og godt samarbeidsforhold til Myklebust Verft og andre leverandørar i regionen, og ikkje minst er det lettare for oss å følgje opp framdrifta når skipet vert liggande så nært kontoret, seier Walaunet.

Kilde: Island Offshore
 
Back
Top