Jaktar PSV-ar etter seismikk-suksess
Per Sævik og Havila Holding går tungt inn på eigarsida, og Axxis Geo Solutions jaktar fleire fartøy etter kvart som det nye seismikkselskapet kaprar oppdrag.
- Vi ser no på tre-fire veldig spennande oppdrag. For mange aktørar hastar det å kome i sving, slik at vi raskt tek sikte på å bemanne eit nytt komplett seismikk-crew. Til det treng vi tre-fire båtar.
- Men det kan verte mange fleire, for utsiktene er lovande.
Det seier styreleiar Bjarte Bruheim i Axxis Geo Solutions.
- Perfekt kombinasjon
Men no har også Havila Holding i Herøy kome inn med 15 prosent eigarskap etter ein retta emisjon på 24 millionar kroner.
Romestrand seier at han kjenner Sævik-familien godt frå før, og det var eit natuleg val å kontakte dei når ein såg etter ein ny industriell partner.
- Dei er framtidsretta, seriøse og i tillegg handlekraftige. Ein perfekt kombinasjon.
Romestrand er også styremedlem i Havila Shipping, der Sævik-familien er hovudaksjonær.
God dekksplass
Han seier at det så langt ikkje er tema å kjøpe PSV-ar i opplag frå Havila Shipping.
- Men vi ser etter PSV-ar, med dekksplass på 700 til 1.000 kvadratmeter til å frakte noder og utstyr, i tillegg til at det om bord må vere godt handteringsutstyr for å leggje ut nodene.
- Men vi vil truleg ikkje kjøpe enkeltskip, men heller leige skip eller finne andre samarbeidsløysingar.
Men eitt skip har Axxis Geo Solutions allereie hand om. Det er Neptune Naiad, som etter over to år i opplag på Moltu vart overtatt av det nye selskapet og klargjort for nye seismikkoppdrag.
Kina-kontrakt
Fosnavåg-selskapet Remøy Shipping har managementet på skipet, og er også inne på eigarsida.
Skipet er no i arbeid utanfor kysten av Indonesia etter at Axxis Geo Solutions fekk ein seks månader lang kontrakt med BGP - China National Petroleum Company, som igjen har avtale med BP Indonesia.
- Slik det no ser ut, vert denne kontrakten forlenga med ein del månader, seier Bruheim.
Les mere på sidene til Nett.no (Krever innlogging)
SEISMIKK: Neptune Naiad ved Myklebust verft før avreise til Indonesia og oppdrag for China National Petroleum Company. No kan det verte mange fleire båtar i oppdrag for Axxis Geo Solutions ettersom interessa for nodeseismikk er sterkt aukande.
Foto: Kjetil Haanes via Nett.no