Brønnbåt nummer to er levert
Brønnbåt nummer to er levert frå Sula-bedriftene Cflow Fish Handling og Fiskerstrand Verft.
– Samarbeidet har vore krevjande men veldig interessant, seier Arnstein Johansen i Cflow. For første gong har Clow i Langevåg samarbeidd med Fiskerstrand Verft i nabobygda.
Kunden er Frøy Rederi på Frøya. Den 84,5 meter lange brønnbåten «Gåsø Freyja» er søsterskipet til «Gåsø Jarl», som vart levert i juli.
– Begge er utrusta med det siste og mest avanserte innan fiskehandteringsteknologi, ifølgje Johansen og utdjupar:
– I leveransen er det inkludert eit avlusingsanlegg der både ferskvatn og hydrogenperoksid blir nytta for avlusing. Eit nødslakteri er også installert dersom det skulle vere behov for det. Båtane er førebudd på å møte framtidas miljøkrav med omsyn til utslepp av NOx og CO₂.
Les mere på siden til Sunnmørsposten