Finnsnes Bygg & Anleggservice AS
Nybygg frå FMV viste seg fram på Fitjarfestivalen
Den gule katamaranen som låg ved Sjøsio i helga er det siste nybygget til Fitjar Mekaniske Verkstad, ein arbeidsbåt som skal til Finnsnes.
Veka før Fiskefestivalen var byggenummer FMV 234 klart for overlevering til reiarlaget Finnsnes Bygg & Anleggservice AS frå Finnsnes. Laurdag flytta dei den nye katamaranen over frå Sveiseneset til Sjøsio for at publikum skulle få sjå han på nært hald. Og mange nytta høvet til å gå om bord og kikka nærmare på denne kraftpluggen av ein båt.
Fartøyet har fått namnet "Hans" og er ein arbeids- og servicebåt av type HFMV W15 Sørfonn, med hovuddimensjonar 14,95 x 12 x 3,9 meter LxBxDriss. Båten er designa og bygt komplett på Fitjar, og blei overlevert som avtalt i veka som var.
Om bord på "Hans" møtte me Alexander Figenschou, som skal vera båtførar om bord. Han fortalde at dei var veldig fornøgde med båten, som skal brukast mykje på oppdrag for havbruksnæringa. Han seier at dei bruker om lag 60 timar på turen heim til Finnsnes.
Finnsnes Dykk og Anleggservice blei etablert i 2002, og blir drive og eigd av Keneth Larsen. Selskapet tilbyr et breitt spekter av tenester til havbruks- og entreprenørnæringane. Flåten er moderne og består av fem fartøy. FMV234 blir dermed det sjette fartøyet for Finnsnes-selskapet.
Om bord på "Hans" møtte me òg Cato Reigstad, som representerer Fitjar Mekaniske Verksted AS. Han blei med på den 30 timar lange turen med båten oppover til Trondheim; dei la frå kai på Fitjar ved kyrkjetid i går. Både Cato Reigstad og båten skal vera med på messa Aqua Nor, som opnar i morgon. Her vil fleire representantar frå Fitjar Mekaniske Verksted vera til stades, men dei reiser oppover med fly i dag.
Kilde: Fitjarposten
HFMW W15-12 Sørfon "Hans"
Foto: Kjetil Rydland