Miljøkontraktar for nye ferjesamband
Miljøkontraktar for nye ferjesamband i Hordaland
Hordaland fylkeskommune ved Skyss har tildelt kontrakt for nye ferjesamband i Hordaland. Det vert stilt strenge miljøkrav til dei nye ferjekontraktane, dette inneber ein omfattande reduksjon i CO2-utslepp, forbruk av drivstoff og energibruk.
– Vi er svært nøgde med miljøløysingane ein har kome fram til i de nye kontraktane, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø. Dei politiske partia i Fylkestinget i Hordaland står samla bak tildelinga.
Karensperiode for tildelinga varar fram til 19. april 2017. Kontraktane vil verte signert etter at karensperioden er over.
Val av miljøløysing på det einskilde samband vil kunne medføre endringar frå dagens tilbod.
– Ved elektrisk drift kan det på einskilde samband verte behov for lengre liggetid ved kai for lading. Rutetider vil bli fastsett for kvart av sambanda i samarbeid mellom operatør og oppdragsgjevar innanfor dei rammene som låg føre i konkurransegrunnlaget, fortel direktør for Skyss, Oddmund Sylta.
Sambanda i rutepakken er:
• Skånevik-Matre-Utåker
• Kvanndal-Utne
• Utne-Kinsarvik
Kilde: Utdrag fra Skyss

- Kontrakt for rutepakke 5, med sambanda Skånevik-Matre-Utåker, Kvanndal-Utne og Utne-Kinsarvik, er tildelt Boreal Sjø AS. Også denne løysinga vil gi ein høg grad av elektrifisering av alle sambanda som er omfatta.