Vestland får miljøvenlege snøggbåtar

Refvik

Administrator
Staff member
Vestland får miljøvenlege snøggbåtar

Innføringa av miljøvenlege snøggbåtar i Vestland skal skje så raskt som mogeleg frå 2022. Det har Vestland fylkesutval vedteke.

Med dette følgjer fylkesutvalet opp stortingsvedtaka om krav til null- og lågutslepp for alle nye ferjer og hurtigbåtar. Sogn og Fjordane er først ut i Vestland med å få miljøvenlege snøggbåtar når kontraktane skal ut på nytt anbod i 2022. Fylkesutvalet ber om snarast mogleg innfasing av nullutsleppsteknologi frå 2022 og seinast 2024 i tråd med ambisjonane tidlegare vedtekne av fylkestinget i Sogn og Fjordane.

Rask utlysing
Rutepakke 2 og 3 i Sogn og Fjorane vert gjennomført med utlysning så raskt som mogleg slik dei var planlagt av administrasjonen i Sogn- og Fjordane, men med høve for justeringar i tråd med innspel som kom i høyringsprosessen som til dømes grad av hybrid.

For rutepakke 1 ønskjer fylkesutvalet å gjennomføre ein alternativ anskaffingsprosess, til dømes ein utviklingskontrakt, der målet er høve til nullutsleppsteknologi frå start av ny kontrakt frå mai 2022, og krav til det seinast innan 2 år inn i ny kontraktsperiode frå 1. mai 2024.

Vil ha kompensasjon for meirkostnader

Fylkesutvalet ber administrasjonen om å innrette anboda på ein slik måte at fylkeskommunen er i posisjon til å motta støtte frå ordningar Klimasats, NOx-fondet og Enova, og eventuelt med ein opsjon i tråd med punkt 12 i Sogn og Fjordane sitt vedtak om å synleggjere skilnad i kostnad på nullutslepp og konvensjonell teknologi.

Fylkesutvalet legg til grunn at meirkostnadar som Vestland fylke vil få for å gå føre med gjennomføring av Stortingsvedtaka, vil bli kompensert med auka midlar i inntektsramma til fylka.

Vedteke med 13 mot 4

Forslaget vart vedteke med dei 13 røystene til Sp, A, H, Krf, MDG, SV og V. Mindretalet på fire, Frp og FNB, røysta for tilrådinga til fylkesrådmannen om at dei nye miljøanboda i Sogn og Fjordane vert gjennomført som ein to-stegs prosess der drifta i ein overgongsperiode vert løyst med separate kontraktar med konvensjonelt drivstoff for deretter å bli erstatta med kontraktar med låg- og nullutsleppsløysingar i perioden 2024-2026.

Kilde: Hordaland Fylkeskommune
 

Refvik

Administrator
Staff member
Rutepakke 1: Krav om nullutslepp på 4 hurtigbåtar frå 01.05.24
Rutepakke 2: Krav om nullutslepp 4 båtar frå 01.05.24. I tillegg til 2 mindre båtar utan krav om nullutslepp.
Rutepakke 3: Samtlege båtar (mindre båtar) utan krav om nullutslepp (konvensjonelt drivstoff)
 

Peter

Member
Rutepakke 2 ute på anbud nå: https://doffin.no/Notice/Details/2021-300598
Kontraktsperiode: 01.05.2024-30.04.2036 med opsjon på 1+1 år. samt opsjon på oppstart 6 måneder tidligere.
Tilbudsfrist: 18.03.2021
Omfatter følgende ruter:
14-631 / 14-641: Florøbassenget, ruter i Sør, vest og Nord
14-854 / 14-855: Måløy-Silda / Måløy-Gangsøy-Risøy
14-185 / 14-242: Vik-Ortnevik / Ortnevik-Måren-Nordeide
14-156: Kaupanger-Frønningen
 

Jan

Member
Det var nok ikke annet å vente, når politikerene har så lite informasjon om nullutslippløsningene. Noe som dels skyldes at fylkesrådmannen ikke har satt seg inn de løsningene som finnes. For eksempel hevder han at ruten Bergen-Sogn trenger 100 tonn med batterier. Det er da basert på at båten skal gå hele ruten uten å lade eller bytte batterier, noe som selvsagt ikke er nødvendig. Transportutvikling AS anslår at det holder med 5MWh for en tilsvarende rute. Med 150 Wh/kg blir det bare 33 tonn. "Rygerelektra" er allerede i drift med 2 MWh ZEM batterier som veier ca. 18 tonn.
 

Peter

Member
Rutepakke 2 ute på anbud nå: https://doffin.no/Notice/Details/2021-300598
Kontraktsperiode: 01.05.2024-30.04.2036 med opsjon på 1+1 år. samt opsjon på oppstart 6 måneder tidligere.
Tilbudsfrist: 18.03.2021
Omfatter følgende ruter:
14-631 / 14-641: Florøbassenget, ruter i Sør, vest og Nord
14-854 / 14-855: Måløy-Silda / Måløy-Gangsøy-Risøy
14-185 / 14-242: Vik-Ortnevik / Ortnevik-Måren-Nordeide
14-156: Kaupanger-Frønningen
Ser denne nå er lyst ut på nytt, med ny tilbudsfrist 15.04.2021 doffin
Liten interesse siden de velger å lyse det ut på nytt?
 

Peter

Member
Jeg vet ilke hva de nye kravene er, men dagens er vel 2x 280pax("Vingtor" og "Njord") og 2x 180pax.("Tyrving" og "Frøya")

Trillingene til Boreal er vel 250pax
Og av andre ledige båter hos Boreal finner vi "Helgeland", "Rypøy" og "Mårøy"

Kanskje får de noe ledig fra Finnmark som kan bygges om når "Hollender" og "Jektøy" blir klar der?
 

Anonymus

Member
Heilårs hurtigbåtrute Nordfjord – Bergen - Nordfjord: 290 pax
Heilårs hurtigbåtrute Bergen – Nordfjord – Bergen: 190 pax
Heilårs hurtigbåtrute Sogn – Bergen - Sogn: 170 pax

Minimum 15% av stoler ved bord.
Minimum 60% av stoler med regulerbar rygg.
Seteavstand skal være 75cm eller mer.
Tilgang til strøm ved minimum 60% av sitteplassene. Osv. Samt HSC kode 2000. Så "Mårøy", "Rypøy" og "Helgeland" kan ikke brukes annet enn som reservefartøy.
Når det gjelder reservefartøy så stilles ikke krav til at fartøy er bygget etter HSC kode 2000. Det er tilstrekkelig med HSC kode 94.
 
Last edited:

olajooh

Member
Jeg vet ilke hva de nye kravene er, men dagens er vel 2x 280pax("Vingtor" og "Njord") og 2x 180pax.("Tyrving" og "Frøya")

Trillingene til Boreal er vel 250pax
Og av andre ledige båter hos Boreal finner vi "Helgeland", "Rypøy" og "Mårøy"

Kanskje får de noe ledig fra Finnmark som kan bygges om når "Hollender" og "Jektøy" blir klar der?
"Jektøy" overtar ruten til"Kobbøy" - "Hollender" overtar ruten til "Ingøy", uvisst hva rollen til "Ingøy" blir etter dette. Hører rykter om ombygging til propelldrift for både den og "Hornøy". Når "Kobbøy" er ferdig i ruten er det over da ho er for gammel for anbudet.
 
Top