Rem Offshore - Bygg nr. 398 ved Green Yard Kleven, Havyard 833 CSV "Rem Energy"

Utdrag fra artikkelen;
"Etter det NETT NO kjenner til, er det no ein ny aktør på banen som vurderer å bygge skipet ferdig og ta det i bruk i vindkraftmarknaden. Bollestad stadfestar ikkje opplysningane, men fortel at dei framleis «jobbar iherdig med å selje skipet»."
 
Då er denne under bygging igjen

Kjempekontrakt for Green Yard Kleven: Skal bygge CSV for REM Offshore

Herøy-selskapet REM Offshore AS har skrive kontrakt med Green Yard Kleven i Ulsteinvik om å bygge eit havvindfartøy. Bygg 398 skal ferdigstillast som ein CSV (Construction Service Vessel) for REM Offshore.

-Vi takkar REM Offshore for tilliten. Det har vore eit spanande og veldig godt samarbeid med REM Offshore i haust for å få på plass denne kontrakten. Vi ser no fram til å ferdigstille fartøyet i samarbeid med våre gode underleverandørar og reiar. Dette blei ei god løysing for alle partar, seier Kjetil Bollestad, administrerande direktør i Green Yard Kleven.

Skipet er designet av Havyard Design & Solutions AS og er av typen «HAVYARD 833 CSV».

Umiddelbar byggestart
Det er allereie gjort eit godt stykke arbeid med planlegging og teikning av det nye skipet, og arbeidet kan starte opp umiddelbart. Skipet skal leverast i siste kvartal i 2021, og blir skreddarsydd til å operere mot havvind-parkar.
-Det er særs gledeleg for Rem Offshore å kunne returnere til Kleven med ei nybyggingsordre, særleg i ei tid som har vore prega av uvisse for heile lokalmiljøet. Denne kontrakta viser kor omstillingsdyktig den maritime klynga på Sunnmøre er. For oss som reiarlag er dette den første nybyggingskontrakten innan havvind, med eit framtidsretta designkonsept som er utvikla i tett samarbeid med Havyard og sluttkunde, seier dagleg leiar i Rem Offshore, Fredrik Remøy.

Viktig for den lokale maritime næringa
Både reiar, skipsverft, designleverandør og ei rekkje andre underleverandørar held til lokalt på Søre Sunnmøre.
-Dette er eit viktig prosjekt for den lokale maritime næringa, det vil gi oppdrag og jobb for mange det neste året. I tillegg til å gje gode ringverknader i ei krevjande tid, er det eit spanande oppdrag for Green Yard Kleven, seier Bollestad.

Framtidsretta miljøfokus
Det grunnleggande prinsippet for utforminga av fartøyet er å møte framtidige drifts- og miljøkrav med dei beste og mest moderne og robuste tekniske løysingane. I tillegg til miljøfokuset er det lagt stor vekt på sikkerheit om bord for personell og gods.

- Vi er svært glade for å vere ein bidragsytar til dette fantastiske prosjektet. Basert på vår lange erfaring med utvikling av servicefartøy for offshore vind har vi re-designa fartøyet, med stort fokus på trygge gangveg-operasjonar og energieffektiv drift for lave utslepp. I tillegg blir fartøyet forberedt for å møte framtidas krav om nullutslepp, både i form av moglegheiter for utviding av dagens batteripakke og framtidig installasjon av brenselceller, seier Lars Conradi Andersen, salsdirektør i Havyard Design & Solutions AS.

Viktig kontrakt
Dette er ei veldig viktig kontrakt for verftet og den vidare utviklinga av Green Yard Group.

-Prosjektet passar perfekt inn i Green Yard Group sin strategi om å vere det grønaste alternativet i bransjen, og vi er glade vi no kjem i gang med også å levere grøne nybygg. Vi synes det er spesielt stas at dette nybygget skal bidra for ein lokal reiar inn mot den nye grøne havvind-marknaden. Vi set stor pris på at REM Offshore med Åge og Fredrik Remøy i spissen, såg potensialet i fartøyet og verftet for dette prosjektet, seier Hans Jørgen Fedog, konsernsjef i Green Yard Group.

Fakta om fartøyet:

Generelt:
Skipet skal leverast som CSV (Construction Service Vessel) og er skreddarsydd for å operere på offshore vindinstallasjonar.

Nøkkeltal/-spesifikasjonar:
  • Type: HAVYARD 833 CSV
  • Lengde og breidde: 89,7 x 19,6m
  • W2W (Walk to Work) gangveg og tre kraner
  • Innreiing for 99 personar
  • Stor lastedekk og lagring for reservedelar og containerar under dekk
  • Forberedt nullutslepps-drift med brenselceller og batteripakke på 12 000 kWh
"Rem Energy"
Illustrasjon_Havyard+Design+%26+Solutions+AS.jpg

Illustrasjon: Havyard Design & Solutions AS
 
No melder reiarlaget at fartøyet er sikra arbeid i minst fem år på tyske vindparkar.

Det er det tyske Siemens Gamesa Renewable Energy som skal nytte fartøyet til vedlikehaldsarbeid på ulike vindparkar i Tyskland. I ventetida på at det nye fartøyet skal bli ferdig på slutten av neste år skal Rem Inspector operere som frontløpar for kontrakten. Rem Inspector har allereie lagt bak seg to sesongar med arbeid på Global Tech vindpark og vil som frontløpar vere sikra arbeid mesteparten av 2021.
(kilde Vestlandsnytt)
 
Nermer vel seg overlevering av "Rem Energy", ser den har vert på sjøprøver allerede
 
"Rem Energy" overlevert i dag og døpes i Fosnavågen i morgen med åpent skip for alle fra klokka 14:00
Rem Energy.jpg
Foto: Martin Ringstad
 
Back
Top