P/R Petter O. Pettersen, Vegsund, Ålesund

masterbengt

New Member
Heisan.

I forbindelse med eit bokprosjekt er eg på jakt etter mannskap som var ombord på "Torvald Erikson", 15.01.1975. Båten var då eigd av reiarlaget P/R Petter O. Pettersen, Vegsund, Ålesund. "Torvald Erikson" fekk maskinproblem ved Stadt, men kom seg velberga inn til Måløy, assistert av redningskryssaren "Bergen Kreds". Ser ut i frå bildet på sjohistorie.no at båten gjekk i "Sunnmørsruta".

1. Er det nokon som kjenner til mannskap som jobba på "Torvald Erikson" 15.01.1975?
2. Er det nokon som veit kva som skjedde med reiarlaget P/R Petter O. Pettersen?
3. Eg er på jakt etter informasjon om kva for maskinskade som var ombord, og kva som vart gjort for å få maskina igang igjen.
4. Nokon som veit kva Sunnmørsruta var, og kor den gjekk?
3. Nokon andre forslag til korleis eg kan komme i kontakt med nokon frå mannskapet til "Torvald Erikson"?


Legg ved litt informasjon om "Torvald Erikson": https://www.sjohistorie.no/no/skip/30243/default

All hjelp vert mottatt med takk.

Venleg helsing

Bengt
 
Back
Top