Lyser ut nye anbod for ferjesambanda Småge-Orta-Sandøya-Finnøya-Ona, Brattvåg-Dryna, Skjeltene-Lepsøy og Brattvåg-Dryna-Fjørtofta-Harøya

Refvik

Administrator
Staff member
Lyser ut nye ferjeanbod

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut nye anbod for ferjesambanda Småge-Orta-Sandøya-Finnøya-Ona og Brattvåg-Dryna. Det blir også lyst ut anbod på drift av sambanda Skjeltene-Lepsøya-Haramsøya og Brattvåg-Dryna-Fjørtofta-Harøya fram til Nordøyvegen opnar.

Dei permanente ferjesambanda blir lyst ut i ein konkurranse og reiarlaga har frist til 16. september med å levere tilbod.

Varar ut 2028
Småge-Orta-Sandøya-Finnøya-Ona (Utasundssambandet) har ei varigheit på 7 år frå 1. januar 2022. Ferja skal ha ein kapasitet på minimum 20 personbileininga og fylle krava som Sjøfartsdirektoratet stiller til ferjer som skal gå i ope farvatn. Rutetilbodet blir vidareført omtrent som i dag.

Brattvåg-Dryna har ei varigheit på 6 år frå 1. januar 2023. Ferja skal ha kapasitet til minimum 35 personbileiningar. Også her blir rutetilbodet vidareført med små justeringar.

Nye kaier før neste kontrakt
- Det er naudsynt å mellom anna ruste opp fleira av kaiene i Utasundssambandet dei neste åra. Da er det naturleg å ha litt kortare varigheit på anbodet enn det som er vanleg i ferjekontraktar. Da kan vi tilpasse krava til ferjene i dei neste kontraktane for desse sambanda til dei nye kaiene, fortel Jesper Wiig, som er driftssjef for FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Mellombelse kontraktar i 2022
Nordøyvegen er planlagt opna for trafikk sommaren 2022. Ferjeanløpa til Skjeltene, Lepsøya, Haramsøya, Fjørtofta og Harøya er historie når Nordøyvegen opnar. Kontraktane for dei to ferjesambanda til Nordøyane går ut 31. desember 2021. For Brattvåg-Dryna er det også behov for eit ferjetilbod fram til ny kontrakt startar 1. januar 2023. Det blir difor lyst ut ei vidareføring av ferjetilbodet med ei varigheit ut året i 2022.

Forutsigbarheit
- Oppgåva vår er å få folk fram og at vi skal bruke dei økonomiske midlane våre på ein best mogleg måte. Bygginga av tunnelane på Nordøyvegen er akkurat passert halvvegs og det er difor viktig for oss å ha ei plan B om det blir behov for ferjene ei stund lengre enn planlagt, seier Jesper Wiig.

Han viser til at forutsigbarheit er viktig både for fylkeskommunen, trafikantane og reiarlaga.
- Vi skal uansett ha ei kontrakt for Brattvåg-Dryna ut året og meiner forutsigbarheit vil vere gunstig for oss også økonomisk. Difor varar kontraktane ut 2022, men ferjedrifta til Nordøyane blir sjølvsagt avvikla når Nordøyvegen opnar, forklarer driftssjefen i FRAM.

Krava i dei mellombelse kontraktane er ei vidareføring av krava i gjeldande kontrakt. Fristen for å levere tilbod her er 9. september.

Kilde: Møre og Romsdal Fylkeskommune
 
Midnatsol

Member
Fjord1 vant korttidskontrakten på Brattvåg-Dryna-Fjørtofta-Harøya, og Skjeltene-Lepsøya-Haramsøya
Torghatten Nord vant Småge-Orta-Sandøya-Finnøya-Ona (Utasundssambandet) og Brattvåg-Dryna.

Fjord1 vant korttidskontrakten på Brattvåg-Dryna-Fjørtofta-Harøya, og Skjeltene-Lepsøya-Haramsøya
Torghatten Nord vant Småge-Orta-Sandøya-Finnøya-Ona (Utasundssambandet) og Brattvåg-Dryna.

Skjeltene-Lepsøy-Haramsøya opnar visst til jul 2021, så den kontrakta fekk Fjord 1 lite glede av. Resten av Nordøyvegen skal vere ferdig sommaren 2022, slik at det berre er Brattvåg-Dryna som er att då. Er det Fjord 1 eller Torghatten som skal drive Brattvåg- Dryna siste del av 2022 ??
 
JohannesB

Regner med at Norled var tenkt som underleverandør på Sjelten-Lepsøy-Haramsøy med Austevoll og Os? Brattvåg-Dryna er frå 2023. Skal tro om Dryna og Harøy etterpå havner på Hjørundfjorden?
 
Peter

Member
Regner med at Norled var tenkt som underleverandør på Sjelten-Lepsøy-Haramsøy med Austevoll og Os? Brattvåg-Dryna er frå 2023. Skal tro om Dryna og Harøy etterpå havner på Hjørundfjorden?
Mener det skal være 2 ferjer på det nye anbudet på Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya fram til kaiene er bygd om og en 50PBE miljøferje kan settes inn. Hvis jeg husker rett da.

Om det stemmer så tipper jeg enten "Os" eller "Austevoll" skal holde "Kvam" med selskap...
 
JohannesB

Member
Hei

Ser at Skjeltene-Lepsøya-Austnes opnar 18. desember 2021, mens Brattvågruta opnar 16. juni 2022 neste år.
Dermed blir sikkert Os eller Austevoll erstatter for Ølen som reserve, mens Dryna og Harøy blir værande til sommaren.

Meir spennande er jo å sjå, kva balje som havner på Brattvåg-Dryna frå 2023, Rosendal eller Bjarkøy? Ser for meg at THN kjøper ei eller 2 35pbe ferjer av enten Fjord1 eller Norled.
 
Peter

Member
Kravene i anbudet Torghatten Nord fikk i korte trekk:

Småge-Orta-Finnøya-Sandsøya-Ona: 1 ferje; 20PBE, 1VTE, 150pass, aksellast etter Bk10 i veglista, 4,4/2,5m frihøyde. Kiosk(kan være selvbetjent)
Brattvåg-Dryna: 1 ferje; 35PBE, 3VTE, 150pass, aksellast etter Bk10 i veglista, 4,4/2,5m frihøyde. Kiosk(kan være selvbetjent)

Reservefartøy:
Brattvåg-Dryna: innen 24timer; 30PBE, 2VTE ellers som hovedfartøy.
Småge-Orta-Finnøya-Sandsøya-Ona: innen 60timer, samme krav som hovedfartøy.
For begge samband skal det settes inn passasjerbåt innen 5timer.

Det er opsjon om at hovedfartøy på begge samband skal være definert som nytt skip i henhold til FOR-1992-09-15-695.
samt at det er opsjon om "seilende reserveferje"
Kilde: Mercell

Reservefartøy til Småge-Ona er vel ganske begrenset, enda mer begrenset er vel reserveferje som passer på begge samband?
 
jepp, i grunn er det kun Vengsøy som er tilgjengelig/prøvd i Utasundssambandet. Her er jo spørsmålet om det ikkje hadde vore bedre å akseptere 20 pbe innen 12 timer for begge samband og 60 timer for ei større ferje. Om Brattvågruten beholder dagens avganger, er det god plass i rutetabellen til fleire avganger ved bruk av mindre ferje. Men dette er min meining.
 
Peter

Member
Hei

Ser at Skjeltene-Lepsøya-Austnes opnar 18. desember 2021, mens Brattvågruta opnar 16. juni 2022 neste år.
Dermed blir sikkert Os eller Austevoll erstatter for Ølen som reserve, mens Dryna og Harøy blir værande til sommaren

"Austevoll" og "Ølen" er på salgslisten hos www.scanbrokers.no

"Os" vil jeg tro er en het kandidat til B-ruta på Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøy i det nye anbudet der.
 
Top