Great Lakes Dredge & Dock, Bygg nr. 038 ved Philly Shipyard, Inc., Ulstein S211 "TBN"

Refvik

Administrator
Staff member

Designkontrakt på steininstallasjonsfartøy til havvindindustrien i USA


Great Lakes Dredge & Dock (GLDD) har inngått kontrakt med Ulstein Design & Solutions BV på design av det første USA-flagga sjølvlossingsfartøyet for stein som støttar krava i Jones Act. Skipet skal arbeide innan den veksande amerikanske havvindindustrien.

Havvindindustrien i USA er under utvikling. Fartøyet vil verte ein viktig del av dette ved at det blir etablert ein amerikansk forsyningskjede av stein til denne industrien.

Steininstallasjonsskipet skal legge eit beskyttande lag med stein på fundamenta til havvindturbinane ved hjelp av eit rør som går skrått ned mot havbotnen.
- Vi er veldig stolte over at GLDD har gitt oss oppdraget med å utvikle dette skipet, seier Edwin van Leeuwen, dagleg leiar ved Ulstein sitt nederlandske designselskap. - Vi har samarbeidd godt med GLLD sitt team gjennom fleire månader, sjølv om vi aldri har møttest direkte som følgje av COVID-19-reisebegrensingar.

Fartøyet skal primært tene den aukande etterspurnaden i amerikansk havvind, ved å legge eit beskyttande lag med stein på fundamenta til havvindturbinane ved hjelp av eit rør som går skrått ned mot havbotnen. Skipet har også eit stort og forsterka akterdekk som gjer at fartøyet er svært fleksibelt for spesialiserte arbeidsoppdrag på havbotnen.

Samarbeidet har resultert i ein optimal balanse på økonomisk yting, ved at både drivstofforbruk og utslepp er reduserte, hovuddimensjonane til skipet er optimaliserte, og hastigheit og dynamisk posisjoneringsevne er forbetra, seier Ko Stroo, leiande skipsdesignar og Ulstein sin prosjektleiar i dette prosjektet.

Han held fram:
– I designprosessen vår har vi hatt som mål at skipet skal støtte kravet til skipsbygging i USA, fordi skip som skal arbeide i amerikansk farvatn må vere Jones Act- og ‘US Coastguard’-godkjent.

Designet er eit såkalla ‘basic design’ og vil bli utvikla av Ulstein sitt nederlandske designselskap, med viktige bidrag på engineering frå Ulstein sine selskap i Noreg og Polen.

Ulstein Design & Solutions B.V. spesialiserer seg på design og utvikling av skip for havvind og olje- og gassindustrien, med fokus på berekraftige løysingar. I tillegg til design for nybygg tilbyr selskapet konsulenttenester, mellom anna til oppgradering av skip.

Ulstein S211
Steininstallasjonsskipet skal legge eit beskyttande lag med stein på fundamenta til havvindturbinane ved hjelp av eit rør som går skrått ned mot havbotnen.

Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions B.V.
 
Back
Top