Vestland får miljøvenlege snøggbåtar
Innføringa av miljøvenlege snøggbåtar i Vestland skal skje så raskt som mogeleg frå 2022. Det har Vestland fylkesutval vedteke.
Med dette følgjer fylkesutvalet opp stortingsvedtaka om krav til null- og lågutslepp for alle nye ferjer og hurtigbåtar. Sogn og Fjordane er først ut i Vestland med å få miljøvenlege snøggbåtar når kontraktane skal ut på nytt anbod i 2022. Fylkesutvalet ber om snarast mogleg innfasing av nullutsleppsteknologi frå 2022 og seinast 2024 i tråd med ambisjonane tidlegare vedtekne av fylkestinget i Sogn og Fjordane.
Rask utlysing
Rutepakke 2 og 3 i Sogn og Fjorane vert gjennomført med utlysning så raskt som mogleg slik dei var planlagt av administrasjonen i Sogn- og Fjordane, men med høve for justeringar i tråd med innspel som kom i høyringsprosessen som til dømes grad av hybrid.
For rutepakke 1 ønskjer fylkesutvalet å gjennomføre ein alternativ anskaffingsprosess, til dømes ein utviklingskontrakt, der målet er høve til nullutsleppsteknologi frå start av ny kontrakt frå mai 2022, og krav til det seinast innan 2 år inn i ny kontraktsperiode frå 1. mai 2024.
Vil ha kompensasjon for meirkostnader
Fylkesutvalet ber administrasjonen om å innrette anboda på ein slik måte at fylkeskommunen er i posisjon til å motta støtte frå ordningar Klimasats, NOx-fondet og Enova, og eventuelt med ein opsjon i tråd med punkt 12 i Sogn og Fjordane sitt vedtak om å synleggjere skilnad i kostnad på nullutslepp og konvensjonell teknologi.
Fylkesutvalet legg til grunn at meirkostnadar som Vestland fylke vil få for å gå føre med gjennomføring av Stortingsvedtaka, vil bli kompensert med auka midlar i inntektsramma til fylka.
Vedteke med 13 mot 4
Forslaget vart vedteke med dei 13 røystene til Sp, A, H, Krf, MDG, SV og V. Mindretalet på fire, Frp og FNB, røysta for tilrådinga til fylkesrådmannen om at dei nye miljøanboda i Sogn og Fjordane vert gjennomført som ein to-stegs prosess der drifta i ein overgongsperiode vert løyst med separate kontraktar med konvensjonelt drivstoff for deretter å bli erstatta med kontraktar med låg- og nullutsleppsløysingar i perioden 2024-2026.
Kilde: Hordaland Fylkeskommune