Ulstein designer kabelskip, transittbåtar og hotellskip for Aerolus

Refvik

Administrator
Staff member
Ulstein med konseptdesign på havvindfartøy for Aeolus Energy

Ulstein har inngått kontrakt med Aeolus Energy Inc., Florida, om å utvikle eit konseptdesign på eit serviceoperasjonsskip for havvind. Som ei vidare utvikling av Ulstein sitt SX195-design, vil denne kundetilpassa versjonen stette krava til Aeolus Energy og den amerikanske kystvakta.

Designoppdraget stettar krava til Jones Act, og gir tilgang til den veksande amerikanske havvindmarknaden. Oppdraget er eit bidrag inn mot Aerolus si planlagde satsing på ein flåte som inkluderer kabelskip, transittbåtar og hotellskip, der alle skal bli bygde ved amerikanske skipsverft.

- Vi valte Ulstein som følgje av at dei er leiande innan denne marknaden og kan syne til ei god referanseliste innan design og bygging av offshorevindskip, seier Elia Golfin, administrerande direktør i Aeolus Energy Inc. – Saman med Ulstein, skal vi utvikle ein modern flåte, styrke den amerikanske skipsbyggingsindustrien og bidra til ei fornying av havvindindustrien med amerikanskbygde båtar.

I 2013 var Ulstein det første designselskapet som introduserte spesialdesigna havvindstøttefartøy til den europeiske marknaden. Denne kontrakten i USA er ein milepæl og ei anerkjenning av Ulstein sine havvinddesign. Med både X-BOW- og X-STERN-skrogformene, vil det nye ‘walk-to-work’-skipet vere optimalt tilpassa arbeid på amerikanske havvindfarmar.

- Havvind er ein av kjernemarknadene våre, og vi er svært stolte av å bli valt som designpartnar av Aeolus for å utvikle dette SOV-skipet, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein. – Med våre referansar innan SOV- og offshoreskipsdesign, ser vi fram til å støtte Aerolus i å verkeleggjere havvindambisjonane sine og utvikle flåteporteføljen sin. Vi har lang erfaring i å følgje opp verft ulike stader i verda som byggjer våre innovative offshoreskip, og ser fram til å bruke desse erfaringane vidare i USA.

For Ulstein er dette det femte oppdraget innan havvind så langt i år. Andre oppdrag i 2018 inkluderer to SOV-ar, eit kabelleggingsskip og eit stort installasjonsfartøy.

Aeolus Energy Group vart etablert i 2012 og yter tekniske og vedlikehaldstenester innan vind, sol- og offshoreindustrien.

Aeolus sin planlagde flåte innan havvind
Aeolus’-envisioned-service-fleet-for-offshore-wind.jpg


Ulstein-designed-W2W-vessel-for-Aeolus-Energy.jpg

Begge illustrasjoner: Ulstein Design & Solution
 
Back
Top