Sølvtrans, Bygg nr. 78 ved Myklebust Verft, Kongsberg NVC 390 LFC "Ronja Silver"

Refvik

Administrator
Staff member
Sølvtrans signerer kontrakt nummer fire med Myklebust

Myklebust Verft har inngått ny brønnbåtkontrakt med Sølvtrans Rederi i Ålesund. Fartøyet blir dermed det fjerde i rekka av ein serie brønnbåtar som reiarlaget har under bygging ved verftet her i Gursken. Designet er basert på Kongsberg NVC 390 LFC og er utvikla i nær dialog mellom Sølvtrans, Kongsberg og Myklebust.


- Kontrakten er eit resultat av eit nært samarbeid mellom reiarlag, designselskap og verft i den maritime klynga på Sunnmøre. Byggeprogrammet mellom Myklebust og Sølvtrans nærmar seg to milliardar kroner og gjev også store lokale ringverknader utanfor verftet, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide ved Myklebust.

- For oss i Sølvtrans så vil alltid kvalitet vere viktig når vi skal bygge våre båtar. Det er på denne bakgrunn at vi i Sølvtrans bygger våre båtar ved lokale verft, utstyrer dei med det beste av utstyr levert frå norsk leverandørindustri og finn fram til dei mest innovative og berekraftige løysingane. Når dette fører til sterk, lokal verdiskaping så er det ein vinn-vinn-situasjon, seier dagleg leiar i Sølvtrans, Roger Halsebakk.

- Sølvtrans skal levere tenester av ypparste klasse til sjømatnæringa. Då må vi tenkje på fiskehelse, fiskevelferd og miljø. På Sunnmøre er vi så heldig at vi har den verdsleiande kompetansen på alle desse områda her lokalt, seier operasjonsansvarleg i Sølvtrans, Robin Halsebakk.

Båten er ei vidareutvikling frå dei tre fartøya som allereie er under bygging hos Myklebust. Dette betyr mellom anna ein auke i lastekapasiteten frå 4000 til 5000 kubikkmeter. Største lengde blir på 92,5 meter og breidda blir 20 meter. Levering er avtalt til fjerde kvartal 2022.

Kilde: Myklebust Verft

NVC 390 sammen med tre NVC 389
NVS390.jpg
Illustrasjon: Kongsberg Maritime
 
 
 
Back
Top