Sølvtrans, Bygg nr. 77 ved Myklebust Verft, Kongsberg NVC 389 LFC "Ronja Star"

Refvik

Administrator
Staff member
I følge en artikkel i Tekfisk, planlegger Sølvtrans å bygge meir i tillegg til dei to dei har under bygging (bnr. 75 og bnr. 76) da dei har et par opsjoner ved verfte, sitat:

"Myklebust skal også levere ytterligere to båter til Sølvtrans i 2022, ifølge direktør i Sølvtrans, Roger Halsebakk"
 
Myklebust Verft i Sande har inngått ny brønnbåtkontrakt med Sølvtrans Rederi i Ålesund.

Fartøyet blir det tredje i ein serie basert på Kongsberg NVC 389 design som Sølvtrans frå før har to av i ordre ved verftet. Lastekapasiteten er på 4000 m³. Også dette skroget skal byggast ved det tyrkiske verftet Hat-San. Levering av det som blir bygg nr. 77 frå Myklebust Verft er kontraktsfesta til april 2022.

- For å kunne møte etterspørselen etter brønnbåttenester både nasjonalt og internasjonalt, så har Sølvtrans valt å kontrahere nok ein brønnbåt ved Myklebust Verft. Vi opplever stor etterspørsel etter våre brønnbåtar i denne klassa. Som selskap er vi alltid opptatt av å kunne tilby det ypparste av kvalitet både når det gjeld båtar og fiskehandtering. I tillegg er det viktig å kunne bidra til lokal verdiskaping og arbeidsplassar. Med denne kontrakten oppnår vi dette, seier Roger Halsebakk.

- For ei veke sidan tok vi imot tre nye lærlingar og det er ei ekstra glede å kunne fortelje dei om denne kontrakten som sikrar spennande arbeidsoppgåver i deira læretid, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide. For tida er sju av 142 tilsette lærlingar og TAF-elevar. Når Sølvtrans vel å bygge lokalt er dei også med på å legge grunnlag for neste generasjon av stolte skipsbyggarar.

Kilde: Myklebust Verft

"Ronja TBN"
s%C3%B8lvtrans+br%C3%B8nnb%C3%A5t

Illustrasjon: Kongsberg Maritime
 
 
Nokre bilder til av ankomsten til skroget til "Ronja Star"
FB_IMG_1645096976080.jpg

FB_IMG_1645096978566.jpg

FB_IMG_1645096980794.jpg
Alle foto: via Myklebust Verft
 
Fra da "Ronja Star" lå i dokka til Myklebust Verft Søndag 4. September
RonjaStar2.jpg

Foto: © Oddgeir Refvik
 
Back
Top