Roaldsnes kjøper "Genesis"

Refvik

Administrator
Staff member
#1
Kan bli nytt eigeskifte for "Genesis"

Fiskebåtreiarlaga Nordic Wildfish og Kings Bay Kyst diskuterer båthandel.

Det er den 2010-bygde fiskebåten "Genesis" som kan skifte adresse frå Herøy til Valderøya dersom partane blir samde.

"Genesis" er 49,8 meter lang og 12 meter brei, og har kvote på sild, markell, torsk, hyse og sei.

Etter det Nett.no har grunn til å tru er det samtalar om eit sal, der det førebels ikkje er konkludert.

Les mere på sidene til Nett.no (Krever innlogging)
 

Refvik

Administrator
Staff member
#3
Roaldsnes kjøper "Genesis"

Avtalen mellom Nordic Wildfish og Kings Bay Kyst er i boks.

Dei to fiskebåtreiarlaga diskuterte ein handel alt i fjor haust, men avtalen let vente på seg. I førre veke var avtalen klar og signert, med overtaking av fartyet i mai i år.

Det stadfestar dagleg leiar Tore Roaldsnes.

Tek over kvitfiskkvoten
Nordic Wildfish kjøper fartyet og torskekvoten, medan Kings Bay Kyst beheld dei pelagiske kvotane.

"Genesis" - tidlegare "Artus" - vart kjøpt av Kings Bay Kyst frå fiskebåtreiarlaget Artus i 2016. Salsummen var 250 millionar kroner, skreiv NETT NO i 2016.

Kva som er prisen ved denne handelen vil ikkje Roaldsnes opplyse.

Les meir på sidene til Nett.no (Krever innlogging)
 
Top