Offshoretråden - Bilder, Salg og Generell Info

"Pacific Discovery" inn til Aberdeen 6. Desember
PacificDiscovery01.jpg


PacificDiscovery02.jpg


PacificDiscovery03.jpg

Alle foto: George Saunders
 
Island Offshore-konsernet har i løpet av dei siste månadene selt fem skip.

Det dreiar seg om plattformforsyningsfartøya Island Defender, Island Discoverer, Island Empress og Island Endeavour - og vindkraftserviceskipet Island Crown.
Det gjer at reiarlaget får fylt kassa med omlag 700 millionar kroner.
Dei to første skipa vart overlevert til ny eigar i sommar, dei to neste i november og Island Crown blir overlevert i januar, seier Morten Ulstein, styreleiar i Island Offshore Management til NETT NO."

Island Offshore-konsernet har tidlegare seld skip som ein del av vilkåra for å refinansiere selskapet under den langvarige offshorekrisa som starta med oljeprisfallet i 2014.
Desse fem skipa er ikkje selde som ein del av ein refinansieringsavtale, der selskapet har tatt val fritt og uavhengig av andre, seier Ulstein.
Til saman vart skipa selde for omlag éin milliard kroner. Når gjelda på rundt 300 millionar kroner er betalt, sit konsernet att med omlag 700 millionar.
 
Back
Top