Island Offshore, Bygg nr. ? ved Vard Norge, VARD 3 25 "Island Evolution"

Vi byggjer NY BÅT!

I april 2024 markerte vi 20 års-jubileum sidan etablering av reiarlaget. No satsar vi offensivt igjen og bestiller eit toppmoderne hybrid Ocean Energy Construction Vessel frå Vard med opsjon på to til. Skipa er designa og utrusta for å halde fram omstillinga frå olje- og gassrelatert aktivitet til meir arbeid i nye energimarknadar knytt til havet. Dette basert på eit nytt og forbetra design, moderne lågutsleppsteknologi og effektive maritime operasjonar.

Dei komande skipa i flåten er av VARD 3 25 design, utvikla saman med oss som eigarar, med fokus på stabil, fleksibel og effektiv operasjon med særs gode sjøeigenskapar og ein sterk miljøprofil. Skipa har særs fleksibelt bruksområde og kan utføre subsea operasjonar inkludert IMR (inspeksjon, vedlikehald og reparasjon), røyrlegging, installasjonar på havbotnen, W2W, kabellegging og reparasjonar mv.

- Vi har sterk tru på framtida og er stolte av å kunne satse igjen etter mange vanskelege år. Dette er morgondagens arbeidsplass på havet, og vi håpar kundane vil ta godt imot båtane. Utvikling og fornying av flåten er nødvendig om vi skal sikre langsiktig og lønnsam drift av selskapet. Verda treng energi frå havet, uttalar administrerande direktør Tommy Walaunet.

Det fyrste skipet vil få namnet Island Evolution, nettopp for å symbolisere det sterke fokuset på utvikling og framtidstru hjå eigarar og tilsette i Island Offshore.

Båten skal leverast i fyrste kvartal 2027.
 
Back
Top