Fjord 1, Bygg nr. 1073 & 1074 ved Tersan, MM 103 FE EL "Gloppefjord" & "Eidsfjord"

"Gloppefjord" var innom IJmuiden i Holland på vei nordover, her et bilde fra 30. desember
Gloppefjord.jpg

Foto: Jan Plug
 
Ser at MF Eidsfjord har gått frå Vigo etter å ha vore verfast sidan julafta. Kan dei eventuelt krysse Biscayabukta lenger inne??

Passasjer 1
 
Når ein milepæl i morgon

Onsdag 24. januar klokken 13.00 blir MF Gloppefjord sett i drift i sambandet Anda-Lote, det første sambandet i verda med krav om nullutslepp.

MF Gloppefjord vert satt inn på Lote-Anda onsdag. Foto: Fjord1

For Fjord1 er det ein milepæl å sette i drift den første av to elektriske Fjord1-ferjer her. Søsterferja MF Eidsfjord blir sett i drift i sambandet så raskt som mogleg etter ankomst til Norge. MF Eidsfjord låg tysdag ettermiddag ved kai i Gijón på den spanske nordkysten.

Les meir på sidene til Fjordenes Tidende
 
Elektrisk over fleire avgangar

Onsdag vart nullutsleppsferja MF Gloppefjord sett inn på det som vert omtala som «Norges mest moderne ferjesamband» Lote-Anda.

Maskinsjef Ole Kasper Tunheim (t.v.) og maskinkadett Ole Christian Trollebø i maskinrommet på elferja MF Gloppefjord. Det blir store endringar i arbeidsdagen. Ein positiv effekt for arbeidsmiljøet i maskinrommet er at det er veldig lite støy. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

– Med 20 minutts avgangar og større ferjer aukar kapasiteten. No blir det slutt på Anda-Lote som flaskehals, seier ein nøgd Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

– Klart det er interessant å vere med frå byrjinga. Vi får med oss denne erfaringa frå starten, seier Tunheim. Han har jobba på ferjesambandet Lote-Anda sidan 2014. Då MF Gloppefjord vart sett i drift denne veka, skifta arbeidsdagen i maskinrommet samstundes karakter frå diesel til elektrisitet. Maskinsjefen frå Selje har stor tru på den nye teknologien.

– No har eg vore med ferja frå Gibraltar, og vi har testa her dei siste dagane. Teknologien verkar godt. Det er ikkje noko problem at elmotoren driv ferja, drifta verkar veldig godt på batteri, seier Tunheim.

Les meir på sidene til Fjordenes Tidende

"Gloppefjord" rett etter at ho vart sett i drift mellom Lote og Anda. Ferja er 106 meter lang og kan ta 120 personbilar
26NYHElferje4.jpg

Foto: Ukjent via Fjordenes Tidende
 
"Eidsfjord" inn til Cruiseterminalen i IJMuiden, Holland i går
Eidsfjord1.jpg

Eidsfjord2.jpg

Begge foto: Simon Wolf
 
Ferjene skal døypast – då blir det venting

Tysdag 13. mars blir det felles dåp for dei nye el-ferjene MF Gloppefjord og MF Eidsfjord, som trafikkerer Anda – Lote. Grunna dåpen vert det redusert kapasitet i sambandet frå klokka 10.00 til klokka 11.45.

Kun eit fartøy vil trafikkere sambandet i tidsrommet, melder Fjord1.

Selskapet ønskjer å gjere dåpsdagen til ein folkefest og oppmodar publikum til å møte opp på Kattahamrane ved Felleskjøpet på Sandane.

Ferjedåpen startar klokka 10.30 og det vert servert sveler, dåpskake og kaffi. Det vert også mogleg å gå om bord i MF Eidsfjord. Arrangementet held fram til klokka 12.00.

Kilde: Firda
 
Ferjedåp i verdas første heilelektriske samband

Fjord1 sine heileelektriske ferjer, MF Gloppefjord og MF Eidsfjord blei døypte ved Sandane tirsdag.

Ferjene trafikkerer verdas første heilelektriske samband, Lote-Anda.

For Fjord1 har bygginga av desse to ferjene vore eit prestisjeprosjekt som selskapet er svært stolt over å ha lukkast med, heiter det i ei pressemelding.

- Dette er ein merkedag i Fjord1. MF Gloppefjord og MF Eidsfjord markerer det grøne skiftet i ferjenæringa, og vi i Fjord1 er stolte over å vere leiande i dette miljøskiftet, fortel administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.

Les meir på sidene til Sunnmørsposten

fjord1-ferjer.jpg

Foto: Tor Arne Aasen/Samferdselsfoto via Sunnmørsposten
 
Back
Top