Fire samband på Nordmøre med i alt seks ferjer, "Nordmørspakka" er lyst ut på anbod

Refvik

Administrator
Staff member
Ferjekontraktar for 600-700 millionar

Nye miljøkrav til ferjene på Nordmøre utløyser truleg nybyggingsoppdrag for 600-700 millionar kroner til verfta.

Fire samband på Nordmøre med i alt seks ferjer - Nordmørspakka - er lyst ut på anbod. Miljøkrava gjer at reiarlaget som vinn konkurransen truleg vel å bygge fire nye ferjer.

Mindre utslepp
Seivika-Tømmervåg og Edøya-Sandvika er dei to største av dei fire sambanda. Her skal det settast inn til saman fire ferjer, to med kapasitet på 80 personbilar, to med plass til 50.

Samanlikna med tradisjonelle dieselmotorar er krava til energiforbruk og utslepp utforma slik at vinnaren av anbodskonkurransen må satse på batteridrift, hydrogen eller andre løysingar for å få utsleppa ned.

Møre og Romsdals fylke stiller ikkje krav om nybygg, berre at ferjene som skal inn i dei to sambanda må vere yngre enn 10 år. Men miljøkrava gjer at eldre ferjer uansett må byggast om, og då blir nybygg det mest sannsynleg alternativet.

Pakkeløysing
Nordmørspakka er utforma slik at det er den samla enerigbruken og utsleppa som tel. Konsekvensen blir truleg at reiarlaget som vinn konkurransen tingar nybygg til dei to største sambanda, og set inn eldre ferjer på dei to minste sambanda, Kvanne-Rykkjem og Arasvika-Hennset.

Dei to minste sambanda skal trafikkerast av ei ferje kvar.

Ferjereiarlaget som vinn anbodskonkurransen skal trafikkere sambanda frå 1. januar 2020 til 31. desember 2030. Søknadsfristen går ut 17. november. For at reiarlaga skal rekke å få nye ferjer levert i tide vil byggekontraktene turleg blie signert tidleg i 2018.

Les mere på sidene til Nett.no (Krever innlogging)
 
En meget stor forbedring for oss på Smøla hvertfall. To ferger vil gi et helt annet tilbud.
Kan også nevne at det må bygges ei liggekai også, da dette ikke eksisterer for sambandet i dag.
 
Det skal bli veldig spennende å se hvem som leverer hva i dette anbudet. Fjord1 sattser veldig sterkt på det dem kaller Det grønne skiftet.
 
Fire har levert tilbod i konkurransen om Nordmørspakken

Fredag 1. desember kl. 13.00 opna Møre og Romsdal fylkeskommune tilboda i konkurransen for dei fire fylkesvegferjesambanda på Nordmøre. -Vi er glad for den store interessa for å drive desse ferjesambanda, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.

Kontraktperioden er 01.01.2020 – 31.12.2030. I samband med at den nye kontrakten startar opp, skal det gjerast ombyggingar på kaianlegga til sambanda 54 Edøya-Sandvika og 50 Seivika-Tømmervåg.

Strenge miljøkrav
Det er stilt strenge miljøkrav knytt til ferjemateriellet i konkurransen. Vidare er det krav om at ferjene knytt til sambanda Edøya-Sandvika og Seivika-Tømmervåg ikkje skal vere eldre enn ti år. Det er krav om to ferjer i sambandet Edøya-Sandvika i tillegg til at det blir fleire avgangar i helgane på Seivika-Tømmervåg.

Fire reiarlag har levert tilbod
Det er fire reiarlag som har levert tilbod i konkurransen. Kontraktprisane i tilboda er frå om lag 1,9 mrd kroner til om lag 2,6 mrd kroner. Reiarlaget med tilbodet med det beste forholdet mellom pris og kvalitet, ut frå tildelingskriteria pris og miljø, blir tildelt kontrakten. – Vi vil no starte arbeidet med å behandle anboda og evaluere dei opp mot tildelingskriteria. Det er venta at kontrakt blir tildelt over nyttår, seier samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Dei fire tilbydarane er:

  • Boreal Sjø AS
  • Fjord1 ASA
  • Norled AS
  • Torghatten Trafikkselskap AS
 
Fjord1 AS får kontrakt for ferjesamband på Nordmøre

Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt kontrakten for ferjesambanda Edøya – Sandvika, Arasvika – Hennset, Seivika – Tømmervåg og Kvanne – Rykkjem til Fjord1 AS.

Kontrakten inneber ein omfattande reduksjon av CO2-utslepp, bruk av fossilt drivstoff og samla sett lågare energibruk.
Rutetilbodet blir forbetra med mellom anna krav om to ferjer på Edøya-Sandvika, i tillegg til at det blir fleire avgangar i helgane på Seivika-Tømmervåg utover dagens nivå.

Reduksjon av utslepp
Det vil bli brukt fem plug-in elektriske ferjer med ein høg hybridiseringsgrad. Med miljøferjene blir CO2-utsleppa redusert frå om lag 9 450 tonn årleg, til om lag 2 312 tonn årleg. Dette er ein reduksjon på over 75 prosent av slike utslepp.

Kontrakta startar opp i 2020
Den nye kontrakten startar opp 1. januar 2020. Reiarlaget kan bruke overgangsmateriell det første året av kontrakten på Seivika-Tømmervåg og Edøya-Sandvika, medan kaianlegga blir rusta opp. Fjord1 AS har tilbydt den lågaste prisen og har full skår på miljøpoeng.

God konkurranse
- Det har vore god konkurranse om oppdraget og vi er glad for den store reduksjonen av miljøutslepp som vi vil oppnå på ferjene på Nordmøre. Sjølv med god konkurranse om kontrakten, auker utgiftene til fylkeskommunen sidan det er sett krav til miljø og eit elles kraftig forbetra tilbod, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.
Kontraktsummen er 1,884 milliardar kroner. Fylkeskommunen vil også få ein betydeleg kostnad knytt til oppgradering av ferjekaiene.

Karensperioden for tildelinga varar fram til 19. januar.

Kilde: Møre og Romsdal Fylke
 
Design fra Havyard Design & Solutions, skrog fra Cemre Shipyard og utrustning ved Havyard Ship Technology?
 
Fem nye ferjer
Fjord1 skal levere fem heilt nye fartøy. Tre av fartøya vil ha ein storleik på 50 PBE (personbileinigar) og to fartøy med ein storleik på 80 PBE. Det er stilt strenge krav til fartøya mellom anna med omsyn til universell utforming. Fjord1 planlegg at alle dei nye ferjene blir sett inn frå oppstarten av den nye kontrakten.

Bedre rutetilbod
Det blir også eit forbetra rutetilbod i pakken, med to-ferjeløysing på Edøya-Sandvika. Det blir 13 fleire rundturar på kvardag på dette sambandet, og 16 fleire rundturar på helg. På Seivika-Tømmervåg blir det to-ferjeløysing også på laurdag med to timar lengre opningstid. Det blir 25 fleire rundturar på helg i dette sambandet. På Kvanne-Rykkjem blir det også auka opningstid og fleire avgangar.

Kilde: Utdrag fra Møre og Romsdal Fylke

Dvs:
Kvanne-Rykkjem - Ei ferge for 50 biler / 3 vogntog og 149 passasjerer
Edøya-Sandvika - To ferger for 50 biler / 3 vogntog og 199 passasjerer
Seivika-Tømmervåg - To ferger for 80 biler / 6 vogntog og 399 passasjerer

Mens Arasvika-Hennset bruker eksistrerende materiell
 
Bilde-1.jpg

Illustrasjon: BowVision
 
 
Back
Top