Euronor, Bygg nr. 395 ved Myklebust Verft, NVC 374 WP "Emeraude"

Refvik

Administrator
Staff member
Ny fiskebåtkontrakt til Myklebust Verft

Kleven har signert kontrakt med eit fransk fiskeriselskap om bygging av ein 80 meter lang hekktrålar.

Fartøyet skal leverast frå Myklebust Verft hausten 2017, og er av NVC 374 WP-design frå Rolls-Royce. Dette vert søsterskip til to fartøy bygd på same design, kontrahert av DFFU i juni i år.

- Det er veldig kjekt å kunne gje våre tilsette ei slik nyheit no like før jul, seier konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven. Denne kontrakten er med på å sikre full sysselsetting på Myklebust Verft dei neste to åra.

- Dette vert det fjerde fiskefartøyet Myklebust Verft har skrive kontrakt på sidan sommaren. I tillegg har verftet fått kontrakt på bygging av ein stor brønnbåt. Fleire av desse båtane har Rolls-Royce-design og store utstyrspakkar for same selskap, og vi set stor pris på det samarbeidet vi har fått med Rolls-Royce her, seier Ståle Rasmussen.

Hekktrålaren får isklasse ICE 1A*, og driftseffektivitet, lave utslepp og komfort og sikkerheit for mannskapet har vore viktige kriterier i utviklinga av fartøyet. Kunden er Compagnie Des Peches Saint-Malo S.A. & SAS Comptoir Des Peches D’Europe Du Nord – Euronor.

Kleven har no 17 fartøy i ordreboka, til ein samla verdi av nær 11 milliardar kroner

NVC 374 WP.jpg

Illustrasjon: Rolls-Royce Marine
 
"Emeraude" i dokka til Myklebust Verft tirsdag denne veka...
Emeraude 1.jpg


Emeraude 2.jpg

Begge foto: © Oddgeir Refvik
 
Fra Facebook sidene til Ålesundregionens Havnevesen 3. mars:

"Den franske tråleren Emeraude, nybygg fra Myklebust verft, ligger i Skutvika å tar ombord utstyr. Har fått en vakker fullmåne til å lyse opp for seg."
28424195_2073211436295497_2799889668898373505_o.jpg

Foto: Ukjent via Ålesundregionens Havnevesen
 
På fransk/norsk båtdåp

I helga var det pomp og prakt i den franske byen Saint-Malo. Med mange sandssokningar på plass.

Laurdag 6. oktober vart den tredje trålaren i ein serie på fire like basert på Rolls-Royce sitt design døypt i hjartet av den franske byen Saint-Malo.
Myklebust Verft leverte bygg 395 – Emeraude – den 26. april i år til eit fransk selskap eigd av Compagnie des Pêches Saint-Malo og Comptoir des Pêches d’Europe du Nord.

Ti-femten nasjonalitetar var representerte. Reiarlaget hadde lagt opp til ei storstilt feiring med over 400 gjestar på sjølve dåpsseremonien på kaia. Gudmor var Rose Parleviet, som er kona til ein av eigarane av Euronor-selskapet.

– Alle dei fire trålarane, Berlin, Cuxhaven, Emeraude og Kirkella er leverte og i fullt fiskeri. Tilbakemeldingane har vore gode på deira prestasjonar som effektive og moderne fiskefartøy og ser ut til å bli nok ein god Myklebust-referanse ute i marknaden, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide i Myklebust Verft til Vestlandsnytt.

Tilfeldigvis har alle båtane nær samstundes vore inne med fulle lasterom og levert sine fangstar. Fartøya opererer ut frå basar i Cuxhaven (Berlin og Cuxhaven), Saint-Malo (Emeraude) og Hull (Kirkella).

Kilde: Vestlandsnytt
 
Back
Top