Boreal Sjø AS - Hordaland Rutepakke 5

Refvik

Administrator
Staff member
Miljøkontraktar for nye ferjesamband

Miljøkontraktar for nye ferjesamband i Hordaland

Hordaland fylkeskommune ved Skyss har tildelt kontrakt for nye ferjesamband i Hordaland. Det vert stilt strenge miljøkrav til dei nye ferjekontraktane, dette inneber ein omfattande reduksjon i CO2-utslepp, forbruk av drivstoff og energibruk.

– Vi er svært nøgde med miljøløysingane ein har kome fram til i de nye kontraktane, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø. Dei politiske partia i Fylkestinget i Hordaland står samla bak tildelinga.
  • Kontrakt for rutepakke 5, med sambanda Skånevik-Matre-Utåker, Kvanndal-Utne og Utne-Kinsarvik, er tildelt Boreal Sjø AS. Også denne løysinga vil gi ein høg grad av elektrifisering av alle sambanda som er omfatta.
Dei nye kontraktane for samband i rutepakke 5 vert starta opp 1. januar 2020, med kontraktslengde på 9+1 år.

Karensperiode for tildelinga varar fram til 19. april 2017. Kontraktane vil verte signert etter at karensperioden er over.

Val av miljøløysing på det einskilde samband vil kunne medføre endringar frå dagens tilbod.

– Ved elektrisk drift kan det på einskilde samband verte behov for lengre liggetid ved kai for lading. Rutetider vil bli fastsett for kvart av sambanda i samarbeid mellom operatør og oppdragsgjevar innanfor dei rammene som låg føre i konkurransegrunnlaget, fortel direktør for Skyss, Oddmund Sylta.

Sambanda i rutepakken er:
• Skånevik-Matre-Utåker
Kvanndal-Utne
Utne-Kinsarvik


Kilde: Utdrag fra Skyss
 
MF Vannes som leies ut skal gå Skånevik-Matre-Utåker.. Så blir det 2 nybygg på Utne-Kinsarvik og Utne-Kvanndal.
 
Boreal Sjø AS

Kvanndal-Utne:

  • Utnefjord (60 bilar) (Utne (40 bilar) ca. fram til medio februar)
Kinsarvik-Utne:
  • Kinsarvik (16 bilar) (Jondal (35 bilar) ca. fram til medio februar)
Skånevik-Matre-Utåker
  • Matre (50 bilar) (Kvinnherad (42 bilar) ca. fram til medio februar)
Kilde: Skyss - Nye ferjer 2020
 
Back
Top