ASKO Maritime AS, Bygg nr. 147 og 148 ved Cochin Shipyard Limited, Autonome Lasteskip 2x "TBN"

Refvik

Administrator
Staff member
Asko håper på eit norsk byggjeverft

Eit titals verft konkurrerer om å byggje to autonome skip, men Asko ønsker primært eit norsk verft.

- Vi har invitert inn både norske og utanlandske verft, men det er klart at Asko helst ønsker at båtane blir bygde i Norge.

Det seier konsulent Hans Kristian Haram i Flowchange, eit selskap som har spesialisert seg på å utvikle grøne og effektive transportløysingar.

Eks-ålesundaren Haram seier at det er stor interesse.

- Det er mange som brenn for grøne og berekraftige transportløysingar, men det spesielle no er at vareaktørar som Asko blir reiarar, seier Haram.

Matvaredistributøren Asko vil erstatte 150 daglege trailertransportar mellom lagera i Sande i Vestfold og Vestby i Akershus med to autonome skip.

Dei to skipa skal krysse Oslofjorden mellom Holmestrand og Moss.

I prosjektet er Kongsberg, Masterly og Naval Dynamics samarbeidspartnerar med utvikling av teknisk utforming og driftsløysingar.

Haram seier at løysinga går ut på at trailertrallene med varer vert fråkopla trekkvognene, og berre trallene vert frakta over fjorden.

Dei to skipa vert 66 meter lange og 15 meter breie.

- Om bord vert det plass til 16 traller, seier Haram.

Dei to skipa til Asko skal etter planen i drift i starten av 2021.

Skipa vert batteridrivne, og styrte frå eit kontrollsenter på land.

Etter at verfta har kome med sine tilbod, vert det gått vidare med to-tre verft.

- Etter planen skal kontrakt skrivast til sommaren.

- Det vil vere hyggjeleg om norske verft viser seg å vere konkurransedyktige, og gjerne også verft på Sunnmøre, seier Hans Kristian Haram.

Les meir på sidende til Nett.no (Krever innlogging)

Asko-haaper-paa-eit-norsk-byggjeverft_fullwidth.jpg

Illustrasjon: Naval Dynamics
 

Refvik

Administrator
Staff member
Noken som har hørt noko meir om dette prosjektet - blir det noko av?
c88d33_fd0da3619cc94381a17ec28c319886a7~mv2.webp


ASKO%20Sj%C3%B8drone%204.1000x563.jpg


ASKO%20Sj%C3%B8drone%203.jpg


ASKO%20Sj%C3%B8drone%202.jpg

Alle iIllustrasjoner: Naval Dynamics
 

Refvik

Administrator
Staff member

Sitat:
"NETT NO er kjent med at verftet nyleg også var med heilt til finalerunden i kampen om å bygge to førarlause skip for Asko. Oppdraget gjekk til det indiske storkonsernet Cochin Shipyard

– Vi strakk oss så langt vi kunne, og hadde planar om å bruke robotteknologien var har på verftet. Det var synd at det gjekk til utlandet, seier Bollestad"
 
Top