Skipsulykker


Førre fredag måtte 54 personar evakuere frå M/F Eid då ferja havarerte nær Preikestolen. No viser det seg at det ikkje var nokon brann om bord.



DEL



Det var fredag kveld førre veke at det kom melding om at det var brann om bord i Fjord1s bilferje Eid. Store røykmengder velta ut frå ferja. Alle dei 54 personane som var på ferja blei evakuerte. Alle kom uskadde frå hendinga.

Tysdag ettermiddag opplyste Fjord1 i ei pressemelding at det ikkje var snakk om brann likevel, slik ein gjekk ut frå fredag. Førebels funn frå Sjøfartsdirektoratet viser nemleg at det var maskinhavari og ikkje brann som var årsaka til røykutviklinga.

I pressemeldinga skriv Fjord1 at driftsdirektør Andrè Høyset er glad fir at evakueringa av passasjerar og mannskap gjekk fint og at dei no kan konstatere at skadeomfanget er avgrensa.




Les også
Fjord1-ferje i brann i Lysefjorden


– Førebels funn viser at skadeomfanget er avgrensa, og det er positivt. I samarbeid med våre leverandørar kjem Fjord1 til å bruke tida framover til å konkludere rundt årsak og samanheng til hendinga. Det blir også sett i verk gransking, så det går litt tid før endeleg årsak er klar, seier Høyset.

Bilferja MF Eid er leig ut frå Fjord1 ASA til The Fjords DÅ for operasjon i Lysefjorden. The Fjords DÅ har inntil vidare sett inn ein passasjerbåt i sambandet.
 
Lastebåten M/S Havgløtt, med fire personer ombord, gikk på grunn utenfor Askevågen ved Hustadvika torsdag ettermiddag.
https://www.rbnett.no/nyheter/2018/08/23/Båt-på-grunn-ved-Hustadvika-17381885.ece

De Erik Bye forberedet seg da på å forsøke å flytte båten, rundt 22.00-tiden. Rundt midtnatt kom «Havgløtt» inn til kai på Aukra.
https://www.tk.no/nyheter/eide/frana/havglott-har-gatt-pa-grunn-utenfor-hustadvika/s/5-51-513821
https://www.brunsvika.net/nyhetsarkiv-alle-artikler/24436-grunnstoting
https://pbs.twimg.com/media/DlTeJGhX0AA3_kn.jpg
https://pbs.twimg.com/media/DlTeJGeXsAADkdX.jpg
 
Last edited:
Back
Top