«Ekspressen» skal restaurerast – ein langsiktig jobb

Refvik

Administrator
Staff member
Håpet er å få han opp att «på albogane»



«Ekspressen» skal restaurerast – ein langsiktig jobb.

– Sjå der gutt, der kjeme «Teisten» på albogane innøve Vikafle.

Det er alt gått 50 år sidan replikkunstnar Jacob Nøstvåg serverte denne treffande utsegna ei ettermiddagsstund på Leirvik kai. Han hadde rett. For var det eit aldri så lite menneskeleg aspekt med dei kvikke hydrofoilbåtane som næraste revolusjonerte kollektivtrafikken til sjøs på 60-talet, ja, så måtte det vera at dei letta seg opp «på albogane» når farten vart sett opp til rundt 40 knop.

Tysdag morgon var det grunn til å mimra aldri så lite kring den spesielle båttypen. Då vart «Ekspressen», siste hydrofoilen som er att i landet, heist inn på trygg grunn ved Oma Slipp på Skotaberg. I 1961 kom «Ekspressen» splitter ny frå verftet i Italia til Stavangerske DS og vart sett inn i Sauda-ruta. På 70-talet var hydrofoilæraen over og «Ekspressen» vart selt til ein privatmann som ville ha seg ein original bubåt. Vengene vart då fjerna.

Les mere på sidene til Stordnytt
 
Oma Slipp skal restaurere den raskaste snøggbåten som har trafikkert Vestlandet

Ingen moderne snøggbåtar i Norge er i nærleiken av farten «Ekspressen» fråp 1961 kunne oppnå. No kan den bli restaurert på Stord.

Den raskaste passasjerbåten som nokon gong har trafikkert dei vestlandske fjordane, hydrofoilbåten Ekspressen, har vore godt synleg i innseglinga til Leirvik det siste året.

Hydrofoilen er nemleg henta påå på land ved Oma Slipp på Stord, og ventar på bli restaurert. Det er eigaren av Norled, Det Stavangerske Dampskibsselskab, som tek sikte på å restaurere båten.

– Her får me eksperthjelp til gjennomgang av tilstanden for båten, og vurdering om korleis den kan førast tilbake til original stand, seier prosjektleiar Einar Marwoll i Norled til Maritimt Magasin.

Revolusjonerte passasjertrafikken
Hydrofoilane revolusjonerte den norske passasjertrafikken til sjøs frå 1961. Det same året vart «Ekspressen» levert av verftet i Italia og vart satt inn i rute mellom Sauda og Stavanger, i rekordfart.

image.jpg
«Ekspressen» i sin fordums prakt. Foto: DSD

Med godt over 1000 hestekreftar suste den gjennom fjordane i nesten 40 knop. Det er langt raskare enn dagens hurtigbåtar.

Det unike med båten er at den hadde påmonterte vinger, som gjorde at båten blei løfta opp i vatnet på same måte som eit fly. Båten veg berre 15 tonn, utan maskineri og passasjersete.

Men hydrofoilæraen vart kortvarig. Allereie på 70-talet vart «Expressen» selt til ein privat kjøpar.

Avhengig av offentleg støtte
I 2016 vart båten sjøsatt igjen for å vere med på veteranbåttreffet «Fjordstream» i Stavanger.

Men det er ikkje sikkert at båten kjem til å bli langvarig sjøsatt. Det Stavangerske Dampskibsselskab er avhengig av offentleg støtte for å få det til. Dei har fått 50.000 kroner frå Rogaland fylkeskommune, og ventar på tilsegn om støtte frå Riksantikvaren, då båten har fått status som verneverdig.

– Om den nokon gong kjem til å gå, eller berre skal vere på utstilling, er det andre som avgjer. Men begge deler er mogleg, det er berre nokre kroner i mellom, sa Egil Nylund, tidlegare DSD-direktør til NRK i fjor.

Marwoll seier til Maritimt Magasin at den største utfordringa for å klare jobben er å få tak i rett type foilar.

Kilde: Stord24
 
Dukket opp et innslag på Norge Rundt i går der det handlet om en hydrofoil som var hentet fra Italia for bruk som delebåt.
Den ble fraktet fra Stavanger til Stord på akterdekket til "Lysefjord".
 
Back
Top